Gå til hovedinnhold
Logo-banner

CRIMAC på ICES Working Group møte

CRIMAC hadde fem bidrag til ICES Working Group on Fisheries Acoustics Science and Technology (WGFAST)

Tonje Nesse Forland presenterte resultata til M. F. Rong på endring i ekkostyrke av laks utan tilgang til luft. Babak Khodabandeloo presenterte arbeidet sitt på estimering av symjeblæreform frå breidbandsakustikk. Nils Olav Handegard presenterte arbeidet med maskinlæring på fiskeriakustikk som er utført i samarbeid med UiT og NR. Lars Andersen presenterte arbeidet på prosessering av breidbandsdata. I tillegg presenterte Antonio Palermino arbeidet sitt på målstyrke frå pelagisk fisk i Middelhavet, som han arbeidde med under eit opphald ved senteret.