CRIMAC sine bidrag til ICES sitt symposium om fiskeri- og planktonakustikk
Symposiet var det sjuande symposiet I ein serie om fiskeriakustikk og teknologi for undersøking av akvatisk økosystem. Symposiet vart organisert av ICES si arbeidsgruppe for fiskeriakustikk, vitskap og teknologi (WGFAST), og er den viktigaste arenaen for å presentere og diskutere tema knytt til plankton- og fiskeriakustikk på verdsbasis. Sentrale tema i år inkluderte bruk av ubemanna fartøy, automatiserte dataprosesseringsmetodar og bruk av akustikk for å evaluere potensielle effektar av offshore energi på økosystem.
CRIMAC leverte seks bidrag: fire presentasjonar og to posterar. HI bidrog med ytterlegare 12 presentasjonar og posterar.
- Geir Pedersen presenterte Babak Khodabandeloo sitt arbeid om bruk av breibanda akustikk for å identifisere nærliggjande mål med ulike pulslengder.
- Rolf Korneliussen presenterte arbeidet om estimering og fjerning av støy frå breibanda ekkolodd.
- Nils Olav Handegard presenterte Espen Johnsen sitt arbeid om korleis HI bruker og planlegg å bruke ubemanna overflatefartøy for økosystembaserte undersøkingar. Han presenterte også HI si erfaring med å arbeide med djuplæringsmetodar brukt på fiskeriakustikkdata.
CRIMAC hadde også to posterar: ein om direkte målingar av vandringshastigheita til sild av Ona et al. og ein om breidbandsresponsen til sild under unnviking frå fartøy av Pedersen et al. Sesjonen på data prosesseringsmetodar vart leia av Nils Olav Handegard.