Gå til hovedinnhold

Digital styring gir forskere sanntidskontroll på trålen

Ny teknologi gjev forskarane høve til å styre trålen digitalt og følgje fisken i sanntid. På CRIMAC-toktet i nord testar Havforskingsinstituttet løysingar som kan revolusjonere havforskinga – med smartare data og meir skånsam prøvetaking.

– Det var kult å ha visuell sanntidskontakt til trålen og kunne styre trålen aktivt frå brua, seier havforskar Maria Tenningen.

Ho var toktleiar på det nylege CRIMAC-toktet i nord. CRIMAC er HI sitt senter for forskingsdriven innovasjon.

– Ved bruk av sondekabel, kan vi sjå på fisken som går inn i trålen i sanntid, og opne og lukke trålen etter behov.

Eit av føremåla i prosjektet er å utvikle nye, meir effektive og presise metodar for å overvake det marine miljøet. Nokre av hjelpemidla er kamerasystem i trålen og nye akustikkmetodar.

– Målet er å gå frå prøvetaking av fangst på dekk til måling i trålen, slik at fisken kan symje ut av trålen igjen etterpå. Det vil redusere unødvendig dødelegheit, forklarar Tenningen.

I løpet av det vekeslange toktet testa forskarane også om måten ein festar kalibreringskula for breibandekkoloddet har noko å seie for resultatet (ja!) og om hydrofon på senkekjølen kan detektere kval (også ja!).

– Vi var i fjordane ved Skjervøy. Det er eit fint område som er beskytta frå vêr og vind, og der er mykje sild og kval ein kan forske på.

Se video og flere bilder på Havforskninginstituttet sin facebook-side