Gå til hovedinnhold

Victor and Isabel have been guest researchers at CRIMAC this summer

Gjesteforskarar i CRIMAC

Victor og Isabel har vore gjesteforskarar i CRIMAC denne sommaren. Dei er begge professorar i Akustikk ved det polytekniske universitetet i Valencia. 

CRIMAC har eit mål om å kunne seie noko om storleiken på laks frå ekkoloddmålingar med breiband, og vi har ein måleserie med 6 storleiksgrupper frå 300 g til 3000 g. Laks har open symjeblære og fyller luft fleire gongar om dagen, som har innverknad på dei akustiske eigenskapane. Det viktig med ein modell for å forstå korleis desse eigenskapane avhenger at storleik og korleis symjeblæra verkar inn.  

Isabel har laga ein modell for ekkomengde frå fisk med symjeblære, og vi ynskte å nytta denne i arbeidet i CRIMAC. For å få det til treng vi og målingar av parametrane som går inn i modellen. Viktor fekk tilsendt måleutstyr frå Spania, som dei hadde utvikla for tunfisk. Dette brukte vi på lask som gjev oss viktige målingar på dei akustiske eigenskapane til laks. Vi gjorde og røntgenmålingar på laks av ulik storleik.  

Vi samarbeider vidare med å analysera data og målet er ein felles publikasjon på arbeidet.  

Dei kom med borna sine og hadde eit fint opphald. Vi gler oss til fortsettinga.