Gå til hovedinnhold
Logo-banner
foto av forsker Nils Olav Handegard ved et forskningsfartøy

Havforsker Nils Olav Handegard

Fotograf: Erlend A. Lorentzen

Ny prosjektleiar i CRIMAC

Havforskar Nils Olav Handegard tar over roret etter Egil Ona.

Publisert 31.03.2023 - Oppdatert 31.03.2023

– Eg gler meg til å ta fatt på utfordringane, seier han.

CRIMAC senter for forskingsinnovasjon er eit samarbeid mellom forsking og industri med mål om å forbetre og automatisere tolkinga av bilde frå moderne breibandsekkolodd. Senteret varer fram til 2028.

Havforskar og ekko-ringrev Egil Ona har sørga for at senteret har kome godt i gang. No tar Nils Olav Handegard over som prosjektleiar.

Handegard har bakgrunn innan akustikk, teknologi og datateknologi brukt opp mot fiskeriforvaltning. Han har brei erfaring frå prosjektleiing ved HI og det internasjonale havforskingsrådet ICES.

– Viktige oppgåver framover blir å sørge for framdrift. Eg er også opptatt av at HI er ein sluttbrukar av eventuelle nyvinningar frå CRIMAC, ikkje berre forskingspartnar, seier han.

Målet er at HI skal kunne bruke anten automatiserte ekko-tolkingar eller betre datahandtering i tokta.

Les også siste nyheitsbrev frå Nils Olav: August highlights